tirsdag 29. oktober 2013

Slyngetrening



Likar du styrketrening, men kunne tenkje deg å prøve noko nytt? 
Synest du den tradisjonelle styrketreninga med vekter ikkje heilt passar for deg?

 

Prøv slyngetrening! 

Styrketrening er i vinden, og i SIB har vi eigne gruppetimar på Årstad og Fantoft der vi brukar slynger! Slyngetrening er ei enkel og effektiv treningsform som passat for alle, både nybegynnerar og erfarne.




Prinsippet for slyngetrening er at ein gjer vektbærande øvingar med eit ustabilt underlag. Fordelen med denne type styrketrening at ein får auka aktivering av kjernemuskulaturen, samtidig som ein trenar svært funksjonelt, noko som gir auka treningseffekt. Det at vi brukar eiga kroppsvekt kan også verke skadeforebyggande. 
Vi fokuserar mykje på teknikk, og veiledar kvar enkelt i løpet av timen slik at vi sikrar gode teknikken og mestringfølelsen.




Ein kan enkelt regulere tyngda på kvar av øvingane, slik ein får trening tilpassa kvar enkelt. I tillegg viser vi ulike vanskelegheitgrader, og hjelper deg til å pushe deg sjølv til neste nivå. Svært mange toppidrettsutøvarar brukar slynger i si trening, så at dette er god trening er det ikkje tvil om!
                             




Vi kan love ei knallgod og kjekk treningsøkt, der du får brukt musklar du ikkje visste du hadde! 
Håpar vi ser deg på slyngetime! 

Helsing Stine og Andrea

Team SiB







3 kommentarer:

  1. Er det noen mulighet for at dette konseptet blir utvidet til sentrene i sentrum?

    SvarSlett
  2. Hei og fint innlegg om slyngetrening! Om noen skulle være interessert i å skaffe seg en slynge så er det tilgjengelig her: http://www.finn.no/finn/torget/annonse?finnkode=44903953

    SvarSlett
  3. Hei - det er foreløpig ikke tatt stilling til om dette skal implementeres på våre sentre i byen. Om og når det skjer så vil vi selvsagt informere godt om det. Foreløpig håper vi dere er fornøyd med våre slyngetimer på Fantoft og Årstad.

    SvarSlett