Likar
du styrketrening, men kunne tenkje deg å prøve noko nytt?
Synest
du den tradisjonelle styrketreninga med vekter ikkje heilt passar for deg?
Prøv slyngetrening!
Styrketrening er i vinden, og i SIB har vi eigne gruppetimar
på Årstad og Fantoft der vi brukar slynger! Slyngetrening er ei enkel og effektiv treningsform som passat for alle, både nybegynnerar og erfarne.
Prinsippet
for slyngetrening er at ein gjer vektbærande øvingar med eit ustabilt
underlag. Fordelen med denne type styrketrening at ein får auka aktivering
av kjernemuskulaturen, samtidig som ein trenar svært funksjonelt, noko som gir
auka treningseffekt. Det
at vi brukar eiga kroppsvekt kan også verke skadeforebyggande.
Vi
fokuserar mykje på teknikk, og veiledar kvar enkelt i løpet av timen slik at vi
sikrar gode teknikken og mestringfølelsen.
Ein
kan enkelt regulere tyngda på kvar av øvingane, slik ein får trening tilpassa
kvar enkelt. I tillegg viser vi ulike vanskelegheitgrader, og hjelper deg til å
pushe deg sjølv til neste nivå. Svært
mange toppidrettsutøvarar brukar slynger i si trening, så at dette er god
trening er det ikkje tvil om!
Vi
kan love ei knallgod og kjekk treningsøkt, der du får brukt musklar du ikkje
visste du hadde!
Håpar vi ser deg på slyngetime!