Då eg fekk spørsmål om å skrive om Pilates på bloggen vår lurte eg på korleis det var best å vinkle det. Eg vil jo så gjerne reklamere på det sterkaste, fordi personleg tykkjer eg at det er ein utrulig bra treningsform som passer for alle! Når eg seier at eg jobbar som fitball,- og pilatesinstruktør, får eg ofte spørsmålet: «det er sånn yoga ting, er det ikkje?» Mitt fokus i dette innlegget er å forklare kva Pilates faktisk er, og fortelle kvifor dette er ein så bra treningsform du skal ha med deg i tillegg til spinning, EP, aerobic etc...
Houndreds
Kva er Pilates?
Veldig enkelt sagt er det styrketrening med fokus på teknikk. I SiB har vi Pilates med matte og ein jobber med eigen kroppsvekt. I nokon timar kan det også vere brukt catslides(sklimatter). Ein jobbar heile tida for å motvirke spenningar i kroppen med lave skuldrar, lang nakke, open brystkasse og nøytral bekkenplassering. Samtidig er det stort fokus på pust og presisjon i alle øvelsar. Pusten hjelp deg gjennomføre tyngre øvelsar, og presisjon gir deg ein betre kroppsbevissthet.
I eit større bilete jobbar ein mot å få ei kroppsholdning der ein er jamnt sterk og fleksibel slik at kroppsvekta støttar seg på skjelettet og ikkje heng på ledd. Mitt mål for kvar time er at du skal gå ut derfra og føle at du har litt betre kroppsholdning enn kva du hadde når du kom inn.
I eit større bilete jobbar ein mot å få ei kroppsholdning der ein er jamnt sterk og fleksibel slik at kroppsvekta støttar seg på skjelettet og ikkje heng på ledd. Mitt mål for kvar time er at du skal gå ut derfra og føle at du har litt betre kroppsholdning enn kva du hadde når du kom inn.
Ønsker du meir informasjon kan du lese meir om Pilates under timebeskrivelser. (Trykk på linken)
Smale armhevingar
Okei, dette avsnittet er til deg som tenker at Pilates ikkje er for deg! Du som trur at du må vere supersmidig for å i heile tatt prøve det. Du treng ikkje vere smidig for å gå på pilates, ein kan jobbe med bøyde kne og det er alltid ein alternativ øvelse du kan gjennomføre. Det som er så bra med Pilates er at kjernemusklaturen din blir sterkare. Du får ein betre balanse, og det blir lettare å gjennomføre anna type trening på ein rett måte. I all type trening er det utruleg viktig med ein sterk kjerne, og å vere smidig nok til å gjennomføre øvelsen rett. Det er stort fokus på teknikk og forebygging av skade. Spør din instruktør om du har ein skade du må ha hensyn til!
I haust skal eg holde kurs i pilatesteknikk. Dette er eit kurs for alle som har lyst. Om du er heilt ny og treng ei innføring, eller om du har drive på med Pilates lenge og vil fordjupe deg. Sånn det ser ut på timeplanen no, er pilatestimane fulle og det kan bli behov for nye instruktørar til våren. Kanskje du er interessert, og dette kurset kan hjelpe deg på veg?
Teaser prep.
Håpar på å sjå deg på timen min snart,
mandag kl. 19 på SiB Sentrum
Mari :)
Hei.
SvarSlettDu skriver at folk ikke må bekymre seg for å være i for dårlig form, men kan det være ett problem å være for sprek for disse timene? Da vinkles tankene i de baner at personen er så gjennomtrent at økten ikke blir betegnet som rolig restutisjonstrening engnang, og derfor blir meningsløs.
Ellers høres Pilates ut som meget god basistrening for utrente folk
Du vektlegger at Pilates er en treningsform som alle vil ha utbytte av uavhengig av hvor lavt fysisk nivå de er på. Hva med den målgruppen som er i andre sjiktet: uhyre topptrent, vil de også kunne ha noe igjen for det eller vil det bli for lavkvalitet for denne katogorien av befolkningen? Ellers høres Pilates ut som en super treningsform når det er fokus på fleksibilitet og basisstyrke :)
SvarSlett